Tirsdag morgen bar det av gaarde til Cancun, Mexico. Etter ein siste kveld i Havanna sto vi opp grytidleg og kom oss til flyplassen. Reisa gjekk fint, heldigvis, vi var litt redde for at det skulle vere eit lite propellfly, men heldigvis ikkje:)
Annkom Cancun og det var som aa komme tilbake til sivilisasjonen; billig internett og telefon, butikkar overalt og ikkje minst supermarket som vi kunne kjope alt det som vi mangla paa Cuba (grunnet tjuveriet). Vi gjekk muligens litt amokk paa supermarkedet, men bra var det!
Etter nokon timar i Cancun med diverse shopping reiste vi med baat ut til ei oy like utanfor, Isla Mujeres (kvinneoya). Vi trudde dette skulle vere ei litt bortgjoymd oy for backpackarar, men her tok vi feil, dette var Hellas for amerikanarar. Men oya var flott og med fine strender og heilt klart vatn, saa kosa oss mykje. Planen var aa vere der tre dagar, men saa blei vi ein dag til, og ein dag til:). Dagane gjekk for det meste i soling, bading, frisbee- og vollyball speling og ein dag med golfbilcruising fra stand til strand.
Golfbil, saman med mopedar, er dei vanlege framkomstmidlane paa oya, og koyre golfbil va kjekt! Sjolv om Aashild va litt hard paa gassen over fartsdumpane, og doegangen paa rattet var vel stor. Akkurat som aa koyre kresjebil:)
Etter mistenkeleg mange "HE??" fra Erik heilt sia Havanna, sjekke han endelig ut helsevesenet og tok ein tur paa det lokale sjukehuset paa oya. Lege kunne konstatere proppfulle oyregangar og sendte han paa skyljing. No er gangane fine, men oyre litt vondt saa han dopa seg med "Voltaren Retard" (kjelde til latterkrampe hos Aashild).
Etter fem dagar paa oya reiste vi vidare sorover, og er no ankomen Tulum. Vi har i dag vore kulturelle i ca ein time, og sett paa mayaruiner, og deretter sjekka ut ei enda meir fantastisk strand. I mara er planen aa ta ein dagstur til Coba, ein by vest for Tulum, for aa vere litt meir kulturelle. Onsdag til torsdag skal vi sove i luksuscabin paa stranda, med eigen terasse med hengekoye. Det ser vi veldi fram til!
Torsdag ber det avgarde til Belize, med eit eventuelt stopp i grensebyen Chetumal.
Vi har det med andre ord fortsatt supert paa tur!
Hasta pronto!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar