onsdag 21. oktober 2009

Belize!

Paa torsdag kom vi til caye caulker- ei lita oy utafor Belize city (etter ein veldig effektiv reisedag der det gikk slag i slag med buss og vi rakk siste baaten ut med ein margin paa 5min). Vi likte oya med ein gong vi kom paa land i morket. Skikkelig chill stemning her- rastafarikulturen raader og folk tar livet med ro- sikkert fordi det ikkje er saa maasse aa gjere paa. Oya har tre gater: frontst., backst., og middlestreet:). Og her er ingen andre bilar enn golfbilar- deilig!

Det er masse marihuana og hasj royking blant dei lokale her (har sikkert faatt 20 tilbud om dagen, men ta det med ro- we don`t do that shit!) saa vidt vi kan sjaa. Vi har spesielt ein fyr som kjem bort til oss stott og stadig og seie masse rart, men morsomt. T.d naar vi spelte volleyball paa stranda kom han bort aa sa:"what the heck is that?" eller naar vi stod under eit tak i ly for regnet" what the h... are you standing here fore?"-ikkje i ein sint tone, han er berre ikkje heilt me:)

Dette har vore forste skikkelige"backpacker-plassen" vi har vore paa, og det har vore kjekt aa henge med mange andre folk! Paa lordag var vi paa eindags snorkleutflukt i straalande veir- maasse kjekke folk og fin segltur. Revet utafor Belize er verdens nest storste (Barrier reef) saa det er plenty av dykke og snorklemuligheter her. Vi saag det meste: sjoku, skilpadder, hummer, rokke, blekksprut, masse fine fisk i allslags fargar og HAI!! heile dagen var ein straalande suksess! Snorkling gav meirsmak- i kveld skal vi ut paa nattrsnorkling for aa sjaa meir av dei dyra som ikkje er ute om dagen (masse hummer og saann).

Vi og alle andre her tar livet med ro- det er ei "walk slow island". I gaar var vi paa besok til nabooya,men ei veke her har satt sine spor. Vi syns det blei veldig travelt med masse bilar i gatene og generelt meir aktivitet, saa vi skunda oss tilbake til oya vaar.

I maarra gaar turen vidare til Guatemala- forst ei natt i Tikal for aa sjaa masse mayaruiner i jungelen og deretter til Antigua som vi ankjem paa torsdag kveld. Vi tenker aa vere i Antigua i 4-5 dagar.

1 kommentar:

  1. Hei Åshild!!! =)

    Så kjekt å sjå og høyre om kossen dåke har det, det virka heilt toppers rett og slett! Begynne virkelig å drømme meg vekk når eg lese her altså.... :) Den øya her høyres ut som ein plass eg godt kunne tenkt meg å vere akkurat no altså - hadde vore godt med 100 % chill stemning rundt seg (og med sol og varme så klart!). Men synest den snorkleturen dåka hørtes litt vel spennande ut med tanke på hai, hjelp! :P

    Her er alt bra, men det er veldig travelt og dagane (og vekene) berre flyr av gårde uten at eg heilt skjønne kor det blir av dei...! Har begynt å glede meg til jul, og julesnopet e så klart på plass i butikken til evig fristelse (men eg har stått imot presset så langt :P). Igår var det jentevors med dei av oss som e igjen her i byen no, e jo ganske få av oss etter kvart, så skal bli veldig kjekt å få deg og alle dei andre heim igjen til jul altså!! Ellers lite nytt å fortelle om herfra, ikkje så mykje spennande som skjer med meg, men har det no bra som alltid :)

    Håpe dåke får det kjempebra vidare!! Kos deg masse og ta godt vare på deg sjøl! Stooor klem fra meg ;)

    SvarSlett