Då er det ikkje lenge til vi forlater norsk jord for ei stund, nokommande tirsdag setter vi oss på flyet på veg mot varmare strøk (weee). Så kor skal vi? Detaljane er ikkje klare, men tenkte å fortelle kva land vi skal besøke:)
Vi begynner med to veke på Cuba. Her blir det lynkurs i spansk, og vi får forhåpentlegvis inn nokre glosar til resten av turen. Kan jo allereie litt..sjå bloggnamn:) Etter Cuba flyr vi til Mexico, og då har vi ca 4 veker til å komme oss til Nicaragua. Korleis vi reiser og kor lenge vi blir i dei forskjellige land får tida vise, må jo vere litt spontane! Planen er iallfall å reise innom Belize, Guatemala og Hounduras.
Etter seks-sju veker på tur ilag forlater Kristine dei to andre, og reiser til Australia og deretter til Thailand, saman med jarle.
Åshild og Erik blir igjen i Nicaragua tre-fire veker til, og skal då tilbringe tid på eit sjukehus i Leon. Forhåpentligvis ikkje som innlagte, men skal jobbe der, spennande!
Deretter skiljast Erik og Åshild og. Erik tar turen lenger sør og skal innom Equador, Peru og Argentina, og skal blant anna gå Machu Picchu. Åshild vender nasa lenger nord og reiser til USA, nærmare bestemt the big apple New York (shopping, shopping!!).
Alle er vi vel heime til jul:)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar